Litt om meg selv

Hei! Eg arbeider som massasjeterapeut på Klinikk Pluss www.klinikkpluss.no i Sandvika, Bærum – og stortrivst! Det har eg gjort frå første dag! Akkurat no har eg «ein fot i kvar leir» med arbeid i både ny og gammel jobb. 2016 blir eit spanande år i høve til å satse for fullt med massasjeterapi eller ei!

Hva er det beste med jobben din?

Å møte nye menneske og kunne hjelpe der og då! Å kjenne på energien eg både gir og får og å vere i ein situasjon der eg kan gjere ein skilnad til det betre.

…og mest utfordrende?

Å vere i eit fysisk krevande arbeid og å trene opp meg sjølv til å handtere det. Å sette av tid til marknadsføring for å bygge opp porteføljen. Ha tid til å vedlikehalde og fylle på faglig kunnskap

Hvilken utdanning jeg har tatt, og hvorfor jeg søkte dette studiet?

Eg har tatt massasjeterapi hos Institutt for Helhetsmedisin i Oslo og vart uteksaminert i juni 2015. Eg søkte studiet etter lang tids frustrasjon over arbeidssituasjonen eg hadde og eit sterkt behov og ønske om å arbeide direkte med mennesker igjen. Eg fekk hjelp av ein coach og etter berre tre klokketimar søkte eg etter skoler som hadde massasjeterapi-studiet! Det var nesten «heilt vilt» og IFH fanga interessa mi med ein gong. Særlig fordi det er fagskole som er godkjent av NMF. Det var viktig for meg.

Det beste med utdanningen hos IFH?

Lærarane heilt klart! Liten og «eksklusiv» skole som gjer at alle studentane blir sett og får god, personlig oppfølging. Grundig gjennomgang av fag som gir studentane ei innsikt i kor viktig alt vi lærer er for at vi skal ha ein real og god plattform å stå på og ei faglig tyngde å støtte oss til når vi kastar oss ut i marknaden som massasjeterapeuter!

Hvem passer denne utdanningen for?

Dei som ønsker å arbeide med mennesker og helse, er glad i folk og ikkje minst vil bruke hendene sine, bokstavelig tala, for å hjelpe andre til ein betre kvardag.